Caroline Harstad

OM MEG

Caroline Harstad

Gartner, hageplanlegging og produktdesign.
01

Bakgrunn

Eg er utdanna interiørarkitekt og møbeldesignar frå Kunsthøgskulen i Bergen, og dreiv lenge verksemd innan feltet. Eg er fødd og oppvaksen i møbelbygda Sykkylven og har røter i eit miljø med handverkstradisjonar og moderne design. I ettertid har eg arbeidd for fleire anleggsgartnarar, og i 2021 tok eg gartnarutdanning. Dei to felta som kombinerer ute- og innerommet, er interessante å utforme. Tanken er å skape gode rom i hagen, for plantane og for folka.

02

Fagleg tilnærming

Eg arbeider med varige løysingar baserte på kvalitet, materialkunnskap og miljøomsyn. Inspirasjonen er tett knytt til naturen, fjella og fjordane på Sunnmøre.

Gode uterom blir til i møte mellom natur, materialitet og rom. Her får ide og utføring same omsorg – frå dei første linjene til dei siste plantevala og den ferdige hagen. Kvar hage blir forma med personleg innsikt i oppdraget, og med respekt for handverk, kvalitet og livet som skal levast der. Resultatet er varige, personlege uterom med eit tydeleg uttrykk.