Caroline Harstad
Hageprosjekt vist som ei samanhengande overgang frå handteikna skisse til ferdig opparbeidd uterom

GARTNER OG HAGEPLANLEGGAR

Gode uterom,
frå ide til utføring

Caroline Harstad planlegg, teiknar og utfører oppdrag i hagen din.
HageplanleggingGartnartenester

Planlegging og utføring av uterommet.

Gode uterom blir til i møte mellom natur, materialitet og rom. Her får ide og utføring same omsorg – frå dei første linjene til dei siste plantevala og den ferdige hagen. Kvar hage blir forma med personleg innsikt i oppdraget, og med respekt for handverk, kvalitet og livet som skal levast der. Resultatet er varige, personlege uterom med eit tydeleg uttrykk.

Hageplanlegging

Vi utviklar idear for hagen, med plan, ideskisser og plantelister. Slik blir hagen heilskapleg og tilpassa lokale forhold.

Les om hageplanlegging

Eitt prosjekt, tydelege fasar

  1. Behov og stadVi avklarer utgangspunkt, mål og omfang.
  2. Plan og valForslag blir utvikla og avklart med kunden.
  3. UtføringAvtalt arbeid blir planlagt og gjennomført.
  4. OverleveringKunden får eit samla grunnlag for vidare bruk og oppfølging.

Rom, materiale og varige løysingar

Sjå alle prosjekt
Caroline Harstad ved fjorden på Sunnmøre

Caroline Harstad

Eg er utdanna interiørarkitekt og møbeldesignar frå Kunsthøgskulen i Bergen, og dreiv lenge verksemd innan feltet. Eg er fødd og oppvaksen i møbelbygda Sykkylven og har røter i eit miljø med handverkstradisjonar og moderne design. I ettertid har eg arbeidd for fleire anleggsgartnarar, og i 2021 tok eg gartnarutdanning. Dei to felta som kombinerer ute- og innerommet, er interessante å utforme. Tanken er å skape gode rom i hagen, for plantane og for folka.

Eg arbeider med varige løysingar baserte på kvalitet, materialkunnskap og miljøomsyn. Inspirasjonen er tett knytt til naturen, fjella og fjordane på Sunnmøre.